Portrett av ein pappa:

intervju med Erik Sjon


Kontordame om dagen, greasy rockepappa om natta. Det er ikkje kven som helst som har tatt turen innom OsloMet, men sjølvaste drag-kongen Erik Sjon. Men det er noko ganske anna enn battle vest og naglar som møter meg til intervju. I dag skal eg nemleg bli betre kjent med Eriks alter ego, Helle.

Skribent: Frederik Ege Kristiansen
Publisert: 09. oktober 2026

Foto: Yngve Vogt
Modell: Helle Munthe-Kaas

- Eg på privaten er jo ein veldig feminin dame vanlegvis. Veldig nerd, glad i dataspel, brettspel, den type ting. Har teknisk sett ein utdanning innanfor film og tv men jobbar ikkje med det. Eg jobbar innan administrasjon, og trivast veldig godt på kontorjobb, rett og slett. Eg er forøvrig ein roleg, glad, og morosam person, vil eg like å påstå. Men i drag så er eg Erik Sjon, min «edgy, original character» som eg cosplayer, er sånn eg liker å tenkje på det.

Man undrar kanskje litt på kven Erik Sjon er i forhold til Helle.

- På mange måtar slit eg med å setje han som ein spesifikk type person. Gjennom han så reflekterer eg jo diverse stereotypiar rundt menn, men eg reflekterer også musikkartistar som eg likar veldig godt. Eg likar å tulle med at Erik er ein skilt far til to som trur han er mykje deiligare og kulare enn han eigentleg er.

Man får eigentleg eit inntrykk av at ho som har stilt til intervju er ein ganske anna person enn kva Erik er.

- Veldig, veldig. Eg høyrer ofte at nokon sin drag-karakter er dei sjølv, eller eitt aspekt ved dei, berre blåst opp, og gjort mykje større og mykje finare. For meg og Erik er ikkje det tilfellet. Vi har jo nokre ting til felles, men eg ville ikkje sagt at han er den eg skulle ønske eg var. Han er ein uttrykksform – både for å uttrykke litt frustrasjon overfor menn, meg og på ein måte få nyte litt privilegiet å være mann.

Ein av dei tinga Erik og Helle har til felles er likevel ein kjærleik for metal-musikk, noko som har satt tydeleg preg på hans virke som drag king.

- Eg gjer nesten berre metall- og rockesongar. Det har vore eit veldig bevisst val fordi eg føler det er stort overlapp mellom det å være metalhead og skeiv. Men det er ikkje så mange stader der begge dei to tinga får være i fokus. Derfor er det viktig for meg å få inn aspekt av det. Det skal være mykje naglar, lær, lenkjer. Det er ofte eg nyttar forskjellige band-t-skjorter og merch.

Foto: Sofia Ekholm
Modell: Erik Sjon

Koplinga mellom drag og metal stoppar likevel ikkje der. For det kjem tydeleg fram at for Erik er draggen ein forlenging av eit uttrykk som allereie finst.

- Eg ser jo drag veldig i samanheng med andre ting eg er involvert i. Eg er for eksempel involvert i wrestling-miljøet, som eg føler har mykje til felles med drag. Man har for eksempel dramatiske «storylines», fysiske stunts, mykje fokus på musikk sidan alle har ein eigen entrance-låt. Folk har karakterar, folk har kostymer, folk har på lik linje med drag teke eitt aspekt ved seg sjølv og blåst det opp. Eg ser også mange fellestrekk ved black-metal-musikarar. Det er viktig at man har eitt scenenamn, og en scenepersona. Det er stort fokus på sminke, på klede. Derfor likar eg å tenkje at drag ikkje eigentleg er så frykteleg annleis frå andre ting.

Men forskjellar finn man jo likevel i innhaldet, altså i draggens «karakter», både på den eine og den andre måten.

- Noko eg synast er interessant med drag er at man kan portrettere ein dårleg person, til dømes ein politikar eller, for drag kings, ein slibrig ekkel mann. Om du hadde introdusert ein sånn karakter i wrestling er det meininga at folk skal bue på deg, mens i drag blir du heia på. Derfor trur eg man har mykje meir friheit med kva man kan presentere i drag. Det let seg ikkje halde i ein boks på same måte som eg kjenner at mykje anna gjer.

Intervjuet avsluttast med ein oppfordring til det norske drag-miljøet.

- Eg skulle ønske å sjå meir av at folk gjorde ting frå botnen av sjølv. Eg sett veldig pris på at folk lagar ting sjølv, til dømes har eg sett i det siste at folk kjøper ferdigstyla parykkar heller enn å style dei sjølv. Og det same med klede. Eg likar at det er så lav terskel for å starte med drag i Norge, og eg skulle ønske å sjå at ting er litt meir heimelaga, eller «upcycla». Eg likar ikkje at ting er heilt polert og perfekt.

Oppdatert: 09. oktober 2026

Forrige
Forrige

Diva Dean – Bak masken av Páll Gretarsson